Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.
Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
Skilta og T-merka.
Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
20 - 291 moh. til Ramnakulten
Tidsbruk
2 timar t/r Ramnakulten.
3 timar dersom rundløype om Jamburfjell.
Turomtale
Gå over hovudvegen frå P-plassen og følg skilting mot Radiohola. Ta til venstre under kraftlina 200 meter før Radiohola. I stidelet mot Jamburfjell tek ein til venstre 500 meter sørover til Ramnakulten.
Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Ramnakulten gå tilbake 500 meter til stidelet og så 500 m til Jamburfjell. Ned til til P-plassen kan ein gå via Radiohola eller Hauge. Sjå også omtale for Jamburfjell.
Start- og sluttpunkt
P-plass på Berhaug, til venstre for hovudvegen til Mjelkevik
Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Om lag 200 meter etter oppkøyringa til Hauge skule, ta til venstre ved P-skilt for Radiohola og parker der. OBS: Gjer vel og parker slik at gardsvegen er framkomeleg for traktor.
Gode råd
Ein del blaute parti, bruk eigna sko. Fleire kulturminne undervegs, gi deg god tid.