Sjethaug

Vanskelighetsgrad
Lett
Stad
Rosendal
Høydemeter
30 – 290 moh
Tid
2 timar t/r
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad

Rosendal.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen.

Inga merking langs skogsvegen, men nokre skilt er oppsette. Det er fleire vegdele undervegs, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug.

Gradering

Grøn.

Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.

Turomtale

God 3 km grusveg med jamn stigning. Det er fleire vegdele oppover, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug.

Frå rasteplassen Sjethaug, med den fine turhytta, kjem ein tett på Rosendal med vidt utsyn til grannebygder, fjell, dalar og fjordlandskap.

Alternativt kan ein parkere ved kyrkja og følgje skilting til Sjethaug derfrå.

Ankomst

Start- og sluttpunkt

Neslia

Parkering

Følg fylkesvegen frå Rosendal sentrum 2 km mot Løfallstrand. P-plass der skogsvegen tek av frå riksvegen.

Tips fra lokale

Gode råd

Raste- og utsiktsplasser undervegs.

På toppen er det ei flott hytte med store vindauge. Her kan du nyte nista utan å gå glipp av utsikta!

Frå Sjethaug kan ein fylgja T-merka sti til stor varde på Navarhaug 501 moh. Herfrå er det T-merka stiar til Vevik, Skålafjell (Navarhaug), Åsvodl, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå m.a. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.