Skålafjell

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Rosendal
Høydemeter
100 – 501 moh.
Tid
2 timar t/r
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen

Stad

Rosendal.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.

Merking

Informasjonstavle er oppsett ved snuplass 150 meter før vegbommen på Bjørke. God grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Herfrå T-merka og skilta opp lia.

Gradering

Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

100 – 501 moh.

Tidsbruk

2 timar t/r.

Turomtale

Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til toppen frå siste svingen på skogsvegen. Den store varden på Navarhaug er oppsett til Rosendal Turnlag sitt 100 års jubileum i 2001. Herfrå er det 360 graders utsyn til fjell og dalar, hav og fjordlandskap, og verdast 3. lengste fjord: Hardangerfjorden.

Ankomst

Start- og sluttpunkt

Bjørke.

Parkering

Ved Kvinnherad kyrkje.

Tips fra lokale

Frå Navarhaug er det T-merka stiar til Vevik, Sjethaug/Neslia, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå t.d. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.