Skeisfjell

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Rosendal
Høydemeter
150 – 1038 moh.
Tid
5 timar t/r
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - vinter - haust

Om turen

Stad
Rosendal.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Rosendal Turgruppe sitt rutekart.


Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta sti opp Murabotnen.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
150 – 1038 moh.

Tidsbruk
5 timar t/r


Turomtale
Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusvegen til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen og til venstre i stidele med Malmangernuten.

Etter dei gamle murane på Kuhammarstølen kjem ein etter kvart til skilt som viser til utsiktspunkt mot Bjørndalsområdet og kjeldene for Hattebergvassdraget. Dette er sentrale område i Folgefonna Nasjonalpark.

Flott utsyn frå varden på Skeisfjell, der Ulvanosa, Blådalshorga og Bjørndalstindane framhevar seg i ein mektig fjellheim.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.

Parkering

Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet.

P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.

Tips fra lokale

Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ retur kan vera stien om Gamlestølen ned til Guddal, eller stien over Malmangernuten og direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Hattebergsdalen" og "Malmangernuten frå Rosendal".

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.