Stad
Uskedalen.
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunkt
Busslomme på Rv. 48 ca 150 meter nord bensinstasjonen, mot Rosendal.
Parkering
Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
Merking
Informasjonstavle ved busslomma.
T–merka og skilta.
Gradering
Raud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad
20 – 900 moh.
Tidsbruk
5 timar t/r.
Gode råd
Turomtale
Følg grusa gangveg opp gjennom byggjefeltet til tydeleg sti opp lia via Ådnaklett og Storhaug.Frå Storhaug og inn mot Mannsvatnet kan ein sjå dei karakteristiske moreneryggene. Ta av frå stien til Mannsvatnet ved skilt til Solfjell. Bratt stigning siste del av turen. Vakkert utsyn i alle retningar frå toppen.
Start- og sluttpunkt
Busslomme på Rv. 48 ca 150 meter nord bensinstasjonen, mot Rosendal.
Parkering
Ved Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
Lite drikkemoglegheiter før ein nærmar seg toppen. Frå Solfjell kan ein gå austleg ned til Mannssvatnet.