Svartaberg

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Halsnøy, Høylandsbygd
Høydemeter
25 - 193 moh.
Tid
1.5 time t/r.
Turtype
Sesong
Heile året

Om turen

Stad
Halsnøy, Høylandsbygd

Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.


Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
25 - 193 moh.

Tidsbruk
1.5 time t/r.

Turomtale
Frå P-plass gå langs hovudvegen sørover omlag 200 meter. Ta opp til høgre i første vegkrysset og følg gardsvegen til omlag 100 meter før endepunktet på Skato. Herfrå på sti opp til venstre over skrånande grasbakke. På den flate toppen av Svartaberg er oppsett solide kvilebenker, slik at ein kan nyta både nista og den flotte utsikten medan borna leikar på berget.

Ankomst

Start-og sluttpunkt
P-plassen.

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. P-plass 100 meter forbi krysset som fører ned til Halsnøy Verft, tett ved høgre side av hovudvegen.

Tips fra lokale

Gode råd
Ta gjerne turen bortom utsiktspunktet Langheller, som ligg 15 meter til venstre når det byrjar flata ut mot toppen.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.