Svelgabreen

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Blådalen. Sørspissen av Folgefonna.
Høydemeter
720 - 900 moh. Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs.
Tid
6 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Sommar - haust

Om turen



Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Informasjonstavle ved start.
T-merka med vardar og skilt.

Gradering
Raud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
720 - 900 moh.
Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs.

Tidsbruk
6 timar t/r.

Turomtale
Bilturen frå Omvikdalen til Matrekrysset og vidare på god anleggsveg med fast dekke, er ei oppleving i seg sjølv. Det er Sunnhordland Kraftlag As (SKL) som har stått for utbygging av Blådalsvassdraget. Sjå informasjonstavler som er oppsette langs vegen.

Stien går bratt opp lia frå P-plassen, før den tek ned og innover langs Blåelva. Sjå alternativ under ”Gode råd” ovanfor. Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen. Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn.

For å gå inn på breen må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei vandring i berga langs breen og elva. Her er mange flotte is- og bergformasjonar, og ikkje minst naturen sine gode lydar.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
P-plass 150 m før vegenden i Blådalen.

Parkering
Frå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden
ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. P-skilt er oppsett.

Tips fra lokale

Ved overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved Møsevassdammen. Sikringshytta i Kjerringbotnen er alltid open. Hengebrua ved Svelgen kan vera luftig for dei som reserverer seg ved høgder.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.