Sydnessåta

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Halsnøy, Fatland
Høydemeter
60 - 232 moh.
Tid
2.5 timar t/r. 3.5 timar dersom ein går rundløypa, sjå kart.
Turtype
Rundtur
Sesong
Heile året

Om turen


Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.


Merking
Informasjonstavle ved P-plass.
Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
60 - 232 moh.

Tidsbruk
2.5 timar t/r.
3.5 timar dersom ein går rundløypa, sjå kart.

Turomtale
Frå P-plass følg skilting 100 meter mot høgre bak lita husklyngje til stien søraustover mot Sydnessåta. Bratt oppstigning siste 80 høgdemeter mot toppen. Rundt toppen ligg ei gravrøys frå folkevandringstida. Så kan ein då undrast kven som vart gravlagd der oppe på den markerte toppen i 234 meters høgde for meir enn 1500 år sidan.

Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein gå ned den merka stien på austsida av toppen, og rundt til venstre til skilt mot Iglatjørn. Følg denne ruta til skogsveg øverst i Lóndalen. Følg skogsvegen ned mot Fatlandsvatnet, og merking vidare rundt nordenden av vatnet og attende til P-plassen. Fleire kulturdetaljar med info. undervegs. Sjå kartet.

Ankomst

Start-og sluttpunkt
P-plass ved Gilo på Fatland. Merka med skilt frå hovudvegen.

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter passering av båthamna i Arnavik, er det om lag ein kilometer til skilt som viser avkøyring til venstre frå hovudvegen. 100 meter til P-plass.

Tips fra lokale

Gode råd
Nokre våte parti.
Rundtur om Fatlandsvatnet kan anbefalast, så under Omtale.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.