Tjobergshaugen

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Halsnøy
Høydemeter
20-176 moh. til Tjobergshaugen 20-220 moh. rundløype om Håfjell
Tid
2 timar t/r. 3,5 timar rundløype om Håfjell.
Turtype
Rundtur
Sesong
Heile året

Om turen



Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
T-merka og skilta.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
20-176 moh. til Tjobergshaugen
20-220 moh. rundløype om Håfjell

Tidsbruk
2 timar t/r.
3,5 timar rundløype om Håfjell.

Turomtale
Følg merka rute frå P-plass til høgre opp skogsveg, og vidare på sti mot Tjodberg. Oppgang på nordsida av haugen. Ta gjerne turen innom den merka oppkoma nær toppen. Legg merke til dei oppmura forsvarsmurane og svipp gjerne bortom Tjuvhola på toppen. Faktainformasjon og segner knytt til denne historiske staden som Tjodbergshaugen er, kan ein lesa om i boka på toppen.
Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Tjodbergshaugen følgja den skilta og merka stien nedover mot sør til Ørnareiret, og vidare på sti nordover mot toppen av Håfjellet. Derifrå vidare nordover til stidele mot Ørnahelleren, og vidare på denne merka stien til P-plassen ved skytebanen. Alternativt stien vidare til Gravdalsvatnet, og retur til skytebanen på merka sti derifrå. Sjå kartet.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
P-plass ved Halsnøy skytebane sør for Fjellandsvatnet.

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Etter å ha passert Fjellandsvatnet, køyr 200 meter på ei rett strekkje. Ved skilt Tjobergshaugen til venstre i vegkanten køyr 100 meter inn på P-plass. Parker ikkje slik at du hindrar inn- eller utkøyring til skogsvegen. NB! Dersom skyting på banen, har skyttarane førsterett til parkering og du bør parkera langs hovudvegen.

Tips fra lokale

Gode råd
Pass på borna oppe på toppen. Høgt stup mot nordaust. Ein del blaute parti, bruk eigna sko.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.