Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Merking
T-merkt og skilta
Gradering
BLÅ – Moderat
Høgdeskilnad
25 - 649 moh
Tidsbruk
4 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg
Turlengde fram: 4,0 km
Turomtale
Følg stien til Nordfjell. Derfrå til Vardhaugselet går ein delvis i eit flatare parti, søre del av Svaneheia.
Vardhaugselet: Ein reknar med at dei solide murane vart oppsette ca. 1860, og at det var stølsdrift her fram til 1905. Restaureringa av bygget er gjort av ”Interesselaget for Vardhaugselet” i 2002, og selet er no ope for alle heile året.
Vardhaugselet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
Startpunkt og parkering
Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes
Gode råd
Turen til Vardhaugselet kan utvidast mot Vardhaugen og Mjelkhaug.
Turen er også merkt frå Søsterheimen på Valen: www.tursti.kvinnherad.no