Vikastølen

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Åkra
Høydemeter
Frå nedre P-plass 100 - 600 moh.
Tid
Frå nedre P-plass 4 timar t/r. Frå øvre P-plass 2 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Vår - sommar - haust (avhengig av snø)

Om turen

Turkart
Topografisk kart Norge 1: 50 000 Kvinnherad - blad 1214 1.

Merking
Informasjonstavle ved nedre P-plass.
Inga merking langs skogsvegen. T-merka frå øvre P-plass.
Skogsvegen er eigna for rullestol.

Gradering
Frå nedre P-plass:
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
Frå nedre P-plass 100 - 600 moh.

Tidsbruk
Frå nedre P-plass 4 timar t/r.
Frå øvre P-plass 2 timar t/r.

Turomtale
Frå P-plass ved enden av skogsvegen er det god og tydeleg sti i lett terreng ca 2,5 km nordover til Vikastølen. Stien følgjer stort sett kraftlina. Under Stølshaugen er det eit stidele. Til høgre mot Vasstølen eller rett fram mot Vikastølen. Like sør for Stølsvatnet kryssar ein elva på ei enkel bru. Dette er ein opplevingsrik tur for små og store, i nærkontakt med det vakre kulturlandskapet i Åkrabygda med tilhøyrande utmarks- og fjellområde.

Rullestol:
Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Stien har ei stigning på 300 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Fordel med kraftig elektrisk ute rullestol.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Skogsbilveg på Vika.

Parkering
Ta til venstre i fyrste vegdele, 50 meter før Åkra bru.
Køyr 500 meter og ta til venstre ved postkassestativ med skilt til Vikastølen. P-plass (nedre) ved grinda i starten på skogsbilvegen. Parkeringsavgift. Mot bompengar kan ein køyra den 3 km lange skogsbilvegen til 400 moh. P-plass (øvre) ved vegenden rett etter bru. Skilt til Vikastølen.

Tips fra lokale

Gode råd
Hugs bompengar. Lat att grindane.
Eit alternativ kan vera å følgja stien vidare langs vestsida av Børsstølsvatnet til Fjellhaugen Skisenter. Turen til Vikastølen er og ein fin skitur.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.