Vikefjell

Vanskelighetsgrad
Medium
Stad
Valen
Høydemeter
40 – 200 moh.
Tid
1,5 timar t/r.
Turtype
Tur-Retur
Sesong
Heile året

Om turen


Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Inga merking langs vegen. Skilt er oppsett der stien tek av frå grusvegen i Teigadalen, og herfrå er ruta merka med plastbrikker opphengde i trea.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
40 – 200 moh.

Tidsbruk
1,5 timar t/r.

Turomtale
Frå kyrkja 300 m langs riksvegen mot Husnes, og deretter opp grusvegen ved bustadfeltet Solfeng til Postvegen i Teigadalen. 100 m etter toppflata (retning Teigen/Husnes) er det oppsett skilt der stien til Vikefjell tek av frå Postvegen. Herfrå er ruta merka med plastbrikker opphengde i trea.

Frå Vikefjell er det flott utsikt i alle retningar, frå hav til fjell. Få stader kjem ein så lettvint til storfelt utsyn mot deler av Sunnhordland, og over Valen med grannebygdene.

Ankomst

Start- og sluttpunkt
Valen kyrkje.

Parkering
Valen kyrkje.

Tips fra lokale

Gode råd
Stien kan vera blaut i starten, bruk rett fottøy.
Alternativ tilkomst til Postvegen kan vera frå P-plassen ved SparValen. Gå opp gjennom bustadfeltet Eplehagen til Postvegen mot Teigen/Husnes. Bruk elles fantasien for å setja saman interessante turar med utgangspunkt i Postvegen.

Utforsk andre turar i Kvinnherad

No items found.